VossaBike sesongen 2022 er i gang!

Foto: Ivan Kvåle Jonsson – Voss Parkering AS

Klar for ein ny tur?

Våren er på veg i full fart. Syklane klør i pedalane for å dra på tur, og vil gjerne at du vert med.

Finn ein sykkel ved Voss Stasjon vis-a-vis Voss Kulturhus, eller midt i sentrum i Hestavangen, rett ved statuen Lars Tvinde «Skodespelaren», Spar, Pizzabakaren – du veit kor. Så har me ein stad til syklane vil verte synleg denne sesongen! Les lenger nede om dette.

Vonar du tek våren og el-syklane vel i mot, og at du er klar for fleire og nye sykkelturar med oss.


Har du ShareBike appen?

Skaff deg appen på din telefon, sjekk at du har valt VossaBike som område og at bankkort (hugs BankID!) og personinfo er oppdatert, så er du klar for sesongen!


Visste du at du kan låna sykkehjelm?

VossaBike oppmodar til bruk av sykkelhjelm når ein syklar. Du får låna hjelm kostnadsfritt av Turistinformasjonen på Voss når du syklar med oss. Besøk dei ved Voss Stasjon, busstasjonen i opningstida deira så hjelper dei deg i gang!

Sjå heimesida til turistinformasjonen for opningstid

Me har litt nytt i denne sesongen

Opningstid

Me innfører opningstid for å hente sykkel frå stasjonane våre. Det er mogleg å hente sykkel frå stativ eller stasjon kl 05:00 – 24:00 alle dagar. Frå klokka 00:00 til 05:00 er det ikkje mogleg å hente ut sykkel, men om du allereie har ein sykkel i denne tida kan du framleis bruke den til den vert levert tilbake til ein stasjon.

«GeoFence» stasjonar

Me innfører eigne stasjonar utan ladestativ; såkalla GeoFence stasjonar.

Her kan sykkelen låsast med baklås og leige avsluttast når sykkelen er parkert innanfor eit merka område i appen. I den anledning har me laga ein ny stasjon ved AMFI Voss, på vest enden av bygget. Då kan du sykle både til og frå senteret, utan at leiga driv å tikkar i bakgrunnen. Men hugs at når sykkelen er levert tilbake til eit GeoFence område, er sykkelen tilgjengeleg for neste syklist som ynskjer å sykle. Vil du reservere sykkelen må leiga fortsette, men då kan ingen andre ta sykkelen om du vil ha den vidare.

Det er også GeoFence stasjonar rundt ladestativa våre.

I tilfelle stativa skulle vere heilt full, kan du likevel parkere sykkelen ved siden av og avslutte leige i appen.

Festivalstasjon

Denne sesongen skal me gjere eit forsøk på å ha auka tilstedeverelse med festivalar, cupar og andre store hendingar på Voss. Planlegg du ein stor hending, gje oss ein lyd om du ynskjer å ha oss til stades i nærleiken!

Kva med fleire GeoFence stasjonar rundt om kring?

Me set pris på interesse for fleire slike stasjonar og tek gjerne i mot forslag om kor slike stajonar kan settast opp. Me er selektiv med antall stader grunna bemanning i prosjektet, men me er likevel open for forslag!

Prisar for sesongen 2022

Prisinga er den same som førre sesong:

Leig sykkelen så lenge du ynskjer, men pass på batterinivået!

Time for time

kr 70,00 pr påbyrja time
kr 300,00 for eit døgn

Prisane er inkl. mva

Sesongabonnement

kr 500,00 ved aller første sykkeltur – gjeld ut sesongen

fyrste time gratis pr. sykkeltur
kr 30,00 pr påbyrja time etter det
kr 150,00 for eit døgn

Prisane er inkl. mva

Bedriftsleige

Bedrifter kan leige syklar til sitt eiget formål.

For kr 400,00 ekskl. mva pr. sykkel får bedriften bruke VossaBike til eiget formål utan bruk av ShareBike appen.

Ta kontakt med oss på telefon eller e-post for meir informasjon og tinging.

Vandrande eksponering

Vil du vere med å støtte opp miljøvenleg ferdsel på Voss? Me tilbyr i det høvet vandrande reklameplass på skjermen til bakhjulet på syklane våre.

Pris for reklame er som følgjer:

Ein sesong med logo pr. sykkel: kr 6 300,00
Ein sesong med logo og sjølvvalt tekst pr. sykkel: kr 6 800,00
To sesongar med logo pr. sykkel: kr 9 500,00
To sesongar med logo og tekst pr. sykkel: kr 10 000,00

Prisen inkluderer produksjon, montering og plass på sykkel.

Skulle dette vere interessant for deg, ta kontakt med oss på telefon eller e-post!


Me gler oss til å sykla saman med deg i denne sesongen også.

God tur!


Foto: Benedicte Kragh – VisitVoss