Info 26. april 2021

Informasjon til årsabonnentar hjå VossaBike

Hei!

Du fekk sikkert ein e-post i dag 26. april 2021 om at du har fått ein refusjon frå ShareBike AS på kr 500,-.

Dette er korrekt! 🙂

Refusjonen er for årsabonnementet ditt du har hjå oss i VossaBike.

Grunna ein endring i betalingsløysinga vår er alle aktive årsabonnement hjå oss sagt opp og heile beløpet vert refundert til konto.

Det betyr at du no ikkje har årsabonnement hjå oss, men fortvil ikkje! Det er fullt mogleg å starta opp att abonnementet til same pris.

Det er berre å velje VossaBike som område og abonnement som leigeavtale. Då kan du låse opp sykkel som vanleg så er du i gang att. 😉

Samstundes med endring av betalingsløysing vart alle registrerte bankkort også fjerna frå ShareBike appen.

Det betyr at når du skal låse opp sykkel må bankkort leggjast inn på nytt i appen og godkjennast med BankID eller liknande løysing.

Me beklagar dei ulemper dette medfører og vonar du framleis ynskjer å utforska Voss saman med oss.

Har du spørsmål og tilbakemeldingar er det berre å ta kontakt. 😃

Helsing oss i VossaBike
Telefon 906 24 375
e-post hei@vossa.bike