Sykkelstasjonar

På Voss finn du to ladestasjonar stappa med fullada elsyklar, i tillegg til ein GeoFence stasjon med parkerte syklar tilgjengelig for deg!

Voss stasjon
Kapasitet: Inga grense; 10 ladeplassar for elsyklar, kan også parkerast innanfor GeoFence område
Med togstasjonen, bussterminalen og gondolbanen rett i nærleiken er det kort veg for reisande å finna seg ein bygdesykkel.
Sykkelstasjonen står plassert på nedsida av stasjonsbygget rett ved korttidsparkeringa.

Hestavangen Nord
Kapasitet: Inga grense; 10 ladeplassar for elsyklar, kan også parkerast innanfor GeoFence område
Med bygdesyklane plassert midt på Vangen har sykkelturen eit godt utgangspunkt. Det er berre å velje ein retning og sykle av gårde.
Sykkelstasjonen står plassert i enden av «hesteskoen» i Hestavangen, rett ved skodespelaren Lars Tvildes monument.
AMFI Voss

AMFI Voss GeoFence
Kapasitet: Inga grense, men ta hensyn til plassen innanfor GeoFence området.
Reis til og frå kjøpesenteret på Voss med våre syklar. Med frontkorga på sykkelen er det enkelt å frakte med seg dei nye handlevarene dine!
Sykkelstasjonen finst ved det nord-vestre hjørna av AMFI Voss bygget. Området synst i ShareBike appen. Sjå etter ein sykkel og scan QR koden på den, så låser den seg opp.