Hjelm

Tryggleik er viktig for oss

Tryggleik er viktig for oss i Vossabike, og oppmodar til bruk av sykkelhjelm når ein syklar.

Lån ein sykkelhjelm – gratis

Har du ikkje eigen sykkelhjelm kan du låna ein sykkelhjelm hjå turistinformasjonen på Voss Stasjon når du syklar med oss. Berre vis at du har ein aktiv leige i appen, legg att mobilnummer og namn så får du låne ein sykkelhjelm gratis.

Hjelmen kan lånast så lenge du treng den. Vert den ikkje levert innan rimeleg tid etter me ser leiga er avslutta vert du trekt for eit erstatningsgebyr.

Opningstid Voss Turistinformasjon
Måndag til Søndag
09:00 – 20:00

Besøksadresse Voss Turistinformasjon
Evangervegen 3
5704 VOSS